Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2016

Villsvin
Villsvin

Villsvinet er eit svin som lever vilt i størsteparten av Europa og Asia, og delar av Nord-Afrika. Det liknar på sin etterkommar grisen, men dei er meir hårete og mindre feite. I Noreg førekjem dei berre som streifdyr frå forvilla svenske bestandar, og jakt på dei er tillete heile året.

Villsvinet er tett bygd med korte bein og eit stort hovud. Vinterpelsen er tjukk, og dekker heile kroppen unnteke delar av hovudet og beina. Fargen varierer både med utbreiingsområdet, men er som regel mørk grå til brun. Om våren skiftar dei til den mykje tynnare sommarpelsen over ei periode på tre månadar, før vinterpelsen nesten umiddelbart tek til å veksa ut att. Ungane har lyse, langsgåande striper. Hovudet er avlangt, med hjørnetenner omdanna til karakteristiske støyttenner. Desse krummar seg og vert som regel ikkje lengre enn 20 cm hjå hannar.

Storleiken til villsvina varierer mykje med kvar bestanden heldt til. I Kaukasus kan hannar bli så mykje som to meter lange og med masse opp til 200 kg. I 2015 vart det i Sverdlovsk oblast i Russland skote eit villsvin med ein masse på over 500 kg. Les meir …