Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2011

The Beach boys logo.
The Beach boys logo.

The Beach Boys er eit amerikansk rockeband. Det vart starta i 1961 og vart kjende for dei tette vokalharmoniane og tekstar om ungdomskulturen med bilar og surfing i Sør-California. Dei kreative ambisjonane til Brian Wilson omforma seinare bandet til ei meir kunstnarisk innovativ gruppe som vart hylla av musikkritikarane og som påverka mange musikarar i ettertid.

Gruppa bestod i starten av musikaren, songaren og låtskrivaren Brian Wilson, brørne hans, Carl og Dennis, syskenbarnet Mike Love og venen Al Jardine. Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1988. Det er uttalt at «den usvikelege dugleiken til bandet gjorde dei til det første og beste rockebandet i USA». Bandet har fleire gonger endra musikalsk stil og besetning. Les meir …