Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 29, 2012

Joni Mitchell i 1974
Joni Mitchell i 1974

Joni Mitchell (fødd 1943) er ein kanadiske musikar, låtskrivar og målar. Ho spelte inn debutalbumet i 1968 og vart først kjend som låtskrivar («Urge for Going», «Chelsea Morning», «Both Sides, Now», «Woodstock») og så som soloartist på eiga hand. Ho spelte ei viktig rolle i folkrockrørsla. Blue var eit nakent, personleg album frå 1971, som vert rekna som eit av dei sterkaste og viktigaste albuma nokon sinne. Mitchell hadde òg pophittar som «Big Yellow Taxi», «Free Man in Paris» og «Help Me», dei to siste frå bestseljaren Court and Spark frå 1974.

Kontraalt-stemma til Mitchell, den særeigne harmoniske gitarstilen og pianoarrangementa hennar vart stadig meir kompliserte gjennom 1970-åra og ho vart mykje påverka av jazz. Arbeidet til Mitchell er høgt verdsett av både kritikarar og andre musikarar. Rolling Stone kalla henne «ein av dei største låtskrivarane nokonsinne» medan Allmusic seier, «Når støvet legg seg, står kanskje Joni Mitchell att som den viktigaste kvinnelege artisten frå siste halvdel av 1900-talet.» Les meir …