Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2018

Ørkenlo
Ørkenlo

Ørkenlo (Charadrius leschenaultii) er ei mellomstor lo, ein typisk vadefugl med eit vidt utbreiingsområde for hekking i det sentrale Asia frå austsida av Det kaspiske havet austover til over det meste av Mongolia. Dessutan har han fragmenterte hekkeområde i Tyrkia, Syria, Jordan, Armenia og Aserbajdsjan. Ørkenlo er ein flyttfugl som hekkar på den nordlege halvkula og flyg sør i den boreale vinteren. Fuglen overvitrar på kystar av Afrika og austover i kystområde til Filippinane, til austkysten av Australia og til Salomonøyane.

I vinterkvarter i Australasia er arten kystnær og lever i litoralregionar og store estuare elvemiljø. Dei kan observerast på skjerma sand-, skjeldekte- eller mudderstrender ved elveutlaup og på kystrev, steina område eller tørrlagte sandbankar på korallrev. Av og til blir dei registrerte på saltsjøar ved kystar, inkludert utkantar av saltsump og brakkvasssumpar. Ørkenloer hekkar i opne ørkenar eller halvtørre område som anten støtter særs sparsom, xerofytisk vegetasjon eller er heilt ufruktbar, med utgraderingar av berr grus, leire eller salt, eller nokre gonger i sandhol eller på grasdekte platå. Les meir …