Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 18, 2018

Sørveggen av Lhotse
Sørveggen av Lhotse

Lhotse er eit fjell i Himalaya på grensa mellom Khumbu-regionen i Nepal og Tibet i Kina. Med sine 8 516 moh. er Lhotse det fjerde høgste fjellet i verda. Toppen ligg berre knapt tre kilometer frå Mount Everest, og den vesle avstanden og smålåtne skardhøgda på 610 meter mot Everest gjer at klatrarar reknar Lhotse som ein av dei minst gjeve 8000-meterstoppane.

Det tibetanske namnet på fjellet blir lho rtse med Wylie-translitterering. Det offisielle kinesiske namnet er Lhozê (kinesisk skrift 洛子峰, pinyin Luòzǐ Fēng). Det tibetanske namnet tyder «Sørspissen» og det viser til det nære sambandet med Everest-massivet.

18. mai 1956 vart ein sveitsisk ekspedisjon den første som fekk klatrarar til topps: Ernst Reiss og Fritz Luchsinger som var deltakarar på ein sveitsisk ekspedisjon leia av Albert Eggler. Sven Gangdal blei i mai 2006 den første nordmannen på toppen. I mai 2017 klatra Ingvild Marie Settemsdal opp på både Mount Everest og Lhotse (travers) i løpet av eitt døgn. Også i mai 2017 var Vibeke Andrea Sefland den første norske til å fullbestiga (ikkje travers) to 8000-meterar på ei veke, Lhotse og Everest. Les meir …