Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 14, 2024
Kvalsafari er ein praksis som går ut på å observera kvalar og delfinar i det naturlege habitatet deira. Observering av kval er for det meste ein fritidsaktivitet, men kan òg ha vitskaplege og/eller pedagogiske føremål. Kvalsafari er særleg viktig for utviklingsland. Kystland har byrja å dra nytte av nærværet til kvalane, og dette har auka støtta blant folk om å verna desse dyra mot kommersiell kvalfangst og andre trugsmål, som bifangst eller skipskollisjonar, ved hjelp av marine verneområde og fristadar.
Organiserte kvalsafariar byrja i USA, då Cabrillo National Monument i San Diego blei erklært ein offentleg stad for å observera migrasjonen til gråkvalar. Skodet tiltrekte seg 10 000 vitjande det fyrste året, 1950. I 1955 byrja dei første turane på havet i same område Turismen kring kvalsafari har auka markant sidan midten av 1980-talet. Storleiken og den raske veksten i næringa har ført til komplekse og tilbakevendande debattar med kvalfangstindustrien om den beste bruken av kvalar som naturressurs. Les meir …