Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 14, 2016

Heimaey
Heimaey

Heimaey er den største øya i øygruppa Vestmannaeyjar og den største øya utanfor kysten av Island med eit areal på 13,4 km². Øya ligg rundt 7,5 km utanfor sørkysten av Island. Ho er den einaste busette øya i øygruppa, og er for tida heim til 4 500 innbyggjarar.

I Landnåmabok er det sagt at då Ingolf Arnarsson, den første busetjaren på Island, hadde vore ein vinter på Ingólfshöfði og reiste vestover på leit etter sine ǫndvegissúlur (høgsetestolpar, noko liknande to totempålar, som på rituelt vis vart kasta i havet for deretter å flyte til land igjen. Der han flaut i land skulle vikingen som hadde kasta han bygge bygge garden sin), og fann på Hjörleifshöfði bror sin, Hjörleifur, død – trælane var òg borte. Ute i havgapet kunne han sjå båtar som segla mot ei lita øygruppe, og han sette i veg etter dei. Trælane det var snakk om hadde vorte bortførte frå Irland og vart kalla vestmenn, sidan Irland var det vestlegaste området i det som på den tida (om lag 840) var den kjende verda. Trælane kom i land på Heimaey og søkte dekning oppe i fjella og andre stader dei trudde dei var trygge, men Ingólfur fann dei og slakta alle saman. Under denne hemnjakta gav han, utan å vere klar over det, namn til forskjellige stader på øya – til dømes Dufþekja, eit område på Heimaklettur som er det høgaste fjellet på Heimaey med 283 moh., har fått namnet etter trælen Dufþakur, som det vert sagt tok sitt eige liv ved å kaste seg utfrå Heimaklettur heller enn å verte drepen av Ingólfur. Les meir …