Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 10, 2020

James Joyce
James Joyce

James Joyce (1882–1941) var ein irsk forfattar, kjend for romanen Ulysses frå 1922. Joyce vert rekna mellom dei største irske forfattarane, og for å ha hatt stor kulturell påverknad på 1900-talet. Attåt Ulysses er den vanskelege romanen Finnegan's Wake (1939), novellesamlinga Dubliners (1914) og den halv-sjølvbiografiske romanen A Portrait of the Artist as a Young Man (1916) mellom dei mest røynde verka hans Joyce.

James Joyce levde mesteparten av livet sitt utanfor Irland, men alle verka hans er knytte til heimbyen Dublin, og alle finn dei stad der. Mellom anna vert det ugreie tilhøvet hans til den irske katolske kyrkja spegla hjå romanfiguren Stephen Dedalus, som er ein delvis sjølvbiografisk figur. Les meir …