Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 10, 2007

Symbol for kvinnemakt frå 1970-talet.

Kvinnerørsla er ei brei rørsle som har kjempa dels for kvinnene sine rettar i samfunnet og dels for ei endring av fastlåste kjønnsroller. Rørsla kom til som eit resultat av lang tids undertrykking og undervurdering av kvinner i det vestlege samfunnet, i samanheng med tankane frå opplysingstida om at alle menneske har lik verd og like rettar. Rørsla har særleg vore viktig for kvinnesaken i Vesten, både ved at dei har vore hovuddeltakarane i henne, og ved at det er dei som har oppnådd mest av det ho har kjempa for. Resten av verda er òg blitt påverka av kvinnerørsla, men ofte på noko ulikt vis. Les meir…